Tidleg søndags ettermiddag – 6 desember-kom eit slep frå Gdansk! Dette er nyaste båten i Rostein-familien og bygg nr 67 for Larsnes Mek Verksted.
Torsdag 3. desember markerte Norges Handikapforbund Sande denne dagen mellom butikkane på Larsnes. Landsbyens bålpanne var tent og varma godt denne kvelden.
Søndag 30. august vart sikteplata på Veten offisielt avduka! Sjølv om vêret ikkje var heilt på lag, tok mange turen opp på den 458 meter høge Veten; som er Trimgruppa i Larsnes IL sin!
Sparebanken Møre fylte 175 år sist haust . I den samanheng ga banken ei gave til eit godt formål til alle «sine» kommuner.
Trimgruppene i idrettslaga i Sande kommune gjekk saman om ein felles søknad om jubileumsgave. Søknaden gjekk gjennom – og pengane skulle gå til sikteplater på 5 lokale fjelltopper- Nonshornet på Kvamsøya, Rinden på Sandøya, Storetua i Gursken, Hidsegga i Gjerdsvika og så vår topp; Veten!
Juryen begrunna avgjerda med at det var var eir prosjekt som berørte mange; eit positivt bidrag til folkehelsa og at prosjektet er av varig karakter!
Og no er «vår» plate på plass! For alle som ikkje kunne ta turen opp på Veten i dag, så gled dokke til å bruke plata og finne ut kor langt du kan sjå frå Veten; ja, heilt til Romsdalsfjella, viss vêret tillet det!
larsnes.no takkar Trimgruppa i LIL for godt arbeid ; både med sikteplata, merkingen av turstiene og «Til topps»- turane!
Onsdag 26. august vart årmøtet i Landsbyhuset heldt! Leiar i styret, Harald Sætre, tok oppsummeringa av 2019 . Han gjekk gjennom årsmelding og rekneskap for 2019. Dette var eit svært godt år der FeelIT genererte mest inntekt, men også Sandemessa og Sumarsamkoma bidrog sterkt til eit godt økonomisk år! Breidablik har god likviditet!
I mange år brukte fleire denne kiosken. No står det att 100 slike og minner oss om ei tid som var! Du har sikkert sett ein slik; – den raude telefonkisken; eit lite rom for store og små augneblink! I dag er altså 100 slike verna; 6 slike er det i Møre og Romsdal; og den einaste på Synste Møre står inni Årvika ved ferjeleiet!
Engelskmennene var først ute med slike små “hus” rundt om! I 1932 vart den norske varianten teikna – og frå 1933 til 1995 vart det produsert rundt 9000 av dei! Første raude kiosken vart sett opp i 1933 – og siste summetonen i ein raud kiosk var i 2016 i Oslo!
Christoffer Rønneberg var ein framsynt mann og fekk etablert telegrafstasjon på Larsnes allereie i 1863. Larsnes Telegrafstasjon var i sving frå 1863, telefonstasjonen kom i 1899 og heldt først til på Gamle Handelslaget.
28. mai 1980 vart siste samtalen “plugga” inn på stasjonen som då var lokalisert i andre høgda på Vasstrandsbtikken. Då var Larsnes automatisert – og det var ikkje lenger behov for slike tenester. Fleire hadd e no fått innlagt telefon. Sidan veit vi “alt” om mobiltelefonar som er i “handa” på nesten alle i dagens samfunn!
Men så står han der då; den raude kiosken inni Årvika og minner oss om ei tid som var; og slik har han stått der sidan 195 (?) fram til summetonen vart teken frå han i 200(?).
Spørsmålet er altså; når kom den raude kiosken på plass; og når vart summetonen teken frå han?
Noko for Jokerkråa?
tronto@tussa.com
I “gamle dagar” låg ei treskute bak Holmen, inni ei lita sydvendt vik. Ho var rett og slett blitt køyrt på land! Når dette hende, veit eg ikkje, men båten låg der og var like heil i alle fall rundt 1970.
Flagget heist! Born i leik! Skulestart! “Ein bitte liten skule, på ein bitte liten stad! Ein stad der små og store, kan vere trist glad! Ein stad å finne venner; ein stad å bli klok; ein stad der barnehender skriv tankar i ei bok!” Slik startar skulesongen “Minnene du gav”! 84 elevar starta mandag på nytt skuleår ; derav 8 førsteklassingar som fekk sin første skuledag!
Snart helg; og Kråen Gard har igjen open gardsbutikk førstkomande fredag og søndag – 7. og 9. august! Her kan du “helse” på geitene, sitje i hagen – eller i kjellaren – med ein kaffikopp og godsaker attåt, ja, smake på svelene, handle lokalmat, eller kike – og handle – i utvalget deira av gamalt glas og porselen
Veret var kanskje ikkje det aller beste denne tysdagen, men ein tur på Landsbystranda fekk vi sjå full aktivitet. Alle benkar var opptekne, grill-lukta breidde seg, kanoane var i bruk, bading i alle variantar – hopping frå hurtigbåtbrygga og flåta, til dykking og leiting etter krabbar, mange båtar på gjestebrygga, badehuset i bruk, born i miniballbingen, ja; full aktivitet!
Dugnad gir samhald og styrke! No er det Landsbykyrkja som skal få nye vindauge og ny maling i sommar og haust! Fellesrådet har sendt ut innkalling til dugnad til nokre personar laurdagane 18. og 25. juli, ja, om veret tillet det! Fellesrådet vil gjerne at andre som har noko å bidra med, kan kome desse dagane.
Ein ny, stor dag: Larsnes IL fekk av Kulturdepartementet godkjent søknaden om tippemidlar til Vardevegen – som nærmiljøanlegg! Dette er ein tidlegare plan om å rehabilitere den gamle vegen langs sjøen frå Hallebygda til Larsnes – og lage denne til ein turveg! Eine påknytningspunktet er ved vegen til det nye bustadfeltet på Storhaugen som no har fått godkjent alle planar i kommunestyret og er no klar for utbygging! Den andre “enden” av vegen er ved Skitnevika! Vardevegen er i tråd med kommunen sin arealplan!