Larsnes Helselag

Vil no framsnakke litt Larsnes Helselag! det er nokre år sidan laget vart starta; nemleg 1913! Laget er framleis i full aktivitet; ja, det er ein liten flokk svært dyktige damer!

Berre les kva dei styrer med no i haust:

  • Sandetun er ein Livsgledeheim, og helselaget er  aktive i hjelpa med å arrangere desse arrangementa!
  • «Treffpunktet» på Vika Kro.  Ein uformell møteplass – kvar  onsdag er kroa ope der det er kaffi og vafler å få! Slagord: God  helse i å møtast!
  • «Gå med oss»; turar i nærmiljøet på om lag ein time med start i Landsbyparken! Kvar torsdag skjer dette! Dette er i samarbeid med Frivillegsentralen.
  • «Sterk og stødig» , eit trimprogram for eldre med vekt på styrke – og balansetrening der frivillige instruktørar frå Larsnes Helselag  i samarbeid med fysioterapeut leiar dette kvar mandag! i Larsneshallen!
  • Innimot skuleelevane lagar Helselaget til skulelunsjar og nissegraut!
  • Andre tenester er bl.a. hjelp med minnestund i gravferd.
  • Helselaget støttar lokale tiltak, er delaktige med planting ved kyrkja, gaver til barnehagen og til bl.a. Badehuset, Helsestasjonen, Vardevegen m.m.

Utanom desse lokale tiltaka følgjer laget Nasjonalforeninga sine mål med arbeid for styrking av folkehelsa i Norge; bl.a. gi gode bidrag til forskning av  hjerte- og karsjukdomar og demens.

Slik laget driv det i dag, så er det ein stor ressurs for Landsbyen. Laget kunne tenkt seg fleire medlemmer, så det er berre å ta kontakt!

God folkehelse skapar vi i saman! Og neste år er laget 109 år!

tronto@tussa.com