GODT NYTTÅR!

Landsbyen Larsnes ønskjer alle eit retteleg godt og fredfullt år i 2023!  Vi fekk i alle fall ein fin inngang på året med fellesfyrverkeriet frå Holmetongen – og spreke nyttårsbadarar på Landsbystranda!

Det er litt vemodig å skrive at vi nærmar oss 20-dags jul! Frå gamalt vart det sagt: «Tjuendedags Knut; jagar jula ut!» Så i løpet av veka vert lysa i sentrum tatt ned; som så mange andre ting; på dugnad!

Aktivitetsklubben Kroa har halde det gåande frå i fjor(!)  Eit nytt og utruleg tilbod! I tillegg  har eg registert at lag og organisasjonar  er klar med sine første møter i nyåret, med budsjett og årsplanlegging av aktivitetar. Eit yrande liv i Landsbyen med eit vidt spekter.

Berre les:

Mange gler seg til siste runde med Feel It to siste helgane i januar; eit viden kjent arrangement som endåtil Kongen kjenner til no!

Larsnes IL har starta opp igjen med alle sine aktivitetar!

Det populære «Treffpunktet» til Larsnes Helselag startar opp att kvar onsdag framover; den første er allereie onsdag 11. januar.

Av dugnad så skal Vardevegen bli lyssett i løpet av våren – elles skal anlegga gjerast klar for vårens aktvitetar!

Landsbyen Larsnes arbeider med å få til fleire amplar i sentrum til våren og fleire lyskrystallar til advent. Veldig mange små , men også  store ting gjer at puslespelet blir fullendt!

Til slutt vil eg oppmode alle om å følgje med kva som skjer, enten på facebook eller andre digitale nettverk ; og – ikkje minst; dele dette og framsnakke aktvitetane slik at ALLE får kjennskap til kva som føregår!

Og for å gjere det endå trivlegare; spandere på eit smil, eit «Hei!», eit godord til dei vi møter! Det er kjekt å  bli lagt merke til; å bli sett!

Vi gler oss til dagane framover i 2023!

tronto@tussa.com