JULEQUIZEN 2022

Fredag  30. desember gjekk JULEQUIZEN – 22 av stabelen på Landsbyhuset! Det er Larsnes IL som står som arrangør. Og denne kveelden var det heile 15 lag  aksjon med rundt 100 deltakarar!

Dette var quiz nr 42 og som vanleg var Margunn og Trond quizmasterar med Håkon som teknisk sjef på galleriet! Det var 10 runder med 10 spørsmål – som alltid.  Spørsmåla varierte frå kommunevåpen , jul, lokalstoff og julesongar, +++

Det vart ein spennande kamp der Cabano Larsnes stod igjen som sigerherre føre Quizzleis og B-gjengen!

Det har i haust vore ein cup – og haustcupen  vann Quizzleis før Ringnes!

I superfinalen møttes Karl Artur, Asle og Jan ; der Asle fekk 8 poeng av 10,  medan dei to andre fekk 7 poeng. Jamnare kan det ikkje bli!

Quizkveldane er eit forsøk på å lage til uformelle møteplassar  noko som har vore sterkt ønskjeleg. Så det er berre å følgje med vidare, for det vert fleire i 2023!

(tronto@tussa.com)