Jubileum Sande NHF

Fredag 9. desember markerte Sande NHF  sitt 40 årsjubileum på Landsbyhuset Breidablik! 40 år er ei bra lengde. Ja, det er ei stund sidan Oddvar Brå braut staven i VM på ski i Oslo.  Altså er det like lenge sidan laget vart starta.

Sande NHF har i «alle år» arrangert julebord på Landsbyhuset  for medlemmane  – og har også invitert medlemmer frå nabolaga. I år vart det både julebord og jubileum i eitt!

Alvhild Kvamme Iversen og Else Marie Rekdal  – som begge har vore med frå starten – hadde eit fint attersyn over desse 40 åra,  og dei kunne fortelje kva dåverande ordførar sa under 10-årsjubileet at «det ikkje går så lenge før slike lag vert overflødige» . Ikkje lenge? Det har gått nye 30 år. Framleis går kampen om likeverd og tilgjengelegheit –  og universell utforming som har  blitt ei sjølvfølgje no i nye byggesaker. Det er nok å ta taki dei neste 40 åra!

Marikken Knotten og Isabell Iversen Skoge hadde songinnslag, sameleis hadde brørne Helge og Magnar Kvamme.

Helsingar kom frå 0rdførar Olav Myklebust,  leiar i NHF Nordvest Olav Amund Myklebust, styreleiar i Furene Inge Johnny Hide og frå tidlegare leiar  – Ingrid Emblem Nystøyl  – helsa frå Vanylven.

Else Marie hadde – som vanleg – laga til ein engasjerande bordkonkurranse.   Guro frå Herøy, var strålande trekkar av lotteriet! Trond Torset batt det heile saman.

Det vart ei kosestund på det fint pynta Landsbyhuset der sjefskokk Harald Sætre med sine medhjelparar  sytte for den aller beste julemat til dei 70 gjestane rundt borda.

Styret i jubileumsåret er: Else Marie Rekdal, leiar; Elis Waaler-Nupen, nestleiar; Alvhild Kvamme Iversen, kasserar; Anne Marta Torset, skrivar; Lidvar Muren og Jørn-Hugo Johansen, styremedlemmer; Jarle Takset og Arne Sævik, fast møtande varafolk.

Og tida gjekk fort med god mat og god stemning!