Storsteinen og Grotta

I Larsnessongen «Hauemarka» er det  nemt to stadar som ikkje meire finst: Storsteinen og Grotta. «Hauemarka» vart skreve i 1980 av Rasmus  og meg!

STORSTEINEN

Vi kan  den dag i dag sjå kvar Storsteinen kom frå! Det er tydeleg merke av der han låg; oppi sida; eit lite stykke innom Ørbechhalsen, men når han losna og fall ned, veit ingen!.

Like innom sjølve Ørbehhalsen stod eit skilt; raud trekant med undertekst: «Smal og kronglete veg 5 km». Og det var sant; smal og med få møteplassar,

Det vart so bestemt i 1966 at vegen måtte oppgraderast – og arbeidet starta då.  Storsteinen måtte vike; og den vart skoten sund 27. februar 1967 – og skytebasen var ein larsnesing; Karstein Dalen.

Storsteinen var på ein måte eit landemerke for bygdafolket; særleg for dei yngre. Vart som ein møteplass å rekne!  «Vi møtest ved Storsteinen»!  Det vart ofte avtalt; og då vart det gjerne ein svingom på laurdagskvelden til trekkspelmusikk eller til grammofon. Det var ikkje lov å danse på Breidablik, så denne staden vart ein «danseplass», slik som ut med Larsnesskogen – litt oppom Nyglå i dag!

Spøkelseshistoriene florerte; og den «beste», syns eg; var denne: Det kom ein framand kar til bygda. Han var ein jentefut og hadde drag på alle jentene. Han var ikkje likt av gutane i det heile tatt! Ein dag berre for han! Ei god stund seinare vart det sagt at han var teken av dage og at liket  låg nedom  Storsteinen – og no visste alle at ved nattestider og ved fullmåne, så vil ein høyre eit  skrik, eit skjerandes skrik!

Og dette er sant; eg har opplevd det sjølv då eg gjekk heim frå Grønnevika ein fin  og varm sommarskveld i fullmånelys. Akkurat då eg passerte Storsteinen kom eit skrik, og all Chesslinen eg hadde i håret forsvann for håret stod rett ut, og var som eit pinnsvin på håret! Historia om han som låg der , var sann!!

GROTTA

Grotta låg på knappaste Ørbechhalsen.  Rundt neset var der ein kjerresti, og grotta som opprinneleg var over 10 meter vart mindre og mindre ettersom stien eller vegen vart utbetra.

Då stikkinga av nyevegen i 1966 vart gjort, så ville nok  Grotta  bli historie. Og slik vart det!

Grotta var som ei slire; spiss heilt inni og ganske høg ved inngangen!

Det vart  knytt mange historier rundt Grotta; og med litt fantasi vart mange gode og nifse knytt til denne! Men for dei litt meir tøffe, så vart dette ein liten tilhaldsstad – også i ly for ver og vind!

Den store Grotta vart historie i 1967! Med første ”gangvegen” rundt Ørbechhalsen forsvann det aller meste – og vinteren 2014 då  gangvegen innover Vikane vart laga, så for den siste resten!

…….

Målet mitt er å skrive ned små historier frå  ei svunnen tid knytt til landsbyen; likevel ikkje så veldig langt tilbake i tid. «Storsteinen og Grotta» er nr 3  i serien min! Målet  er  også å kunne publisere eit nytt stykke for månaden!  Ver merksam på at dette er skriblerier  frå min synsstad.  Det er nok å ta av! Tek gjerne imot tips!

Mitt spørsmål  til dette stykket : Er det nokon som har bilete av Storsteinen og Grotta?  Hadde vore fint å kunne oppdatere!

(Trond 22.  feb 2022)

tronto@tussa.com