Årsmøte i Larsnes Sogelag

Tysdag 15. mars var det årsmøte i Larsnes Sogelag i laget sine lokaler i Gamlebanken!

Årsmelding  og rekneskap vart lagt fram utan merknader. Styret har gjort ein framifrå jobb der  boka om bakar Reidar Haugen og Larsnes El. Bakeri vart framheva i tillegg til biletheftet; to veldig populære artiklar! Guro Eidheim si minnebok vart nemt der Guri gav 52 bøker til sogelaget. Også ei populær bok frå den nære fortid. Laget kunne også vise til eit pent overskot!

Sogelag har i 2021 fungert utan direkte leiar, men med Hilde Brune  Nystøyl som kontaktperson! Dette har fungert godt!

Sogelaget var i 2021 også med på ei 8. maimarkering i Oksavika, deltok på Sumarsamkoma  med bygdevandring frå Vardane og deltaking på Sandemessa. På Sandemessa gjekk det veldig flott med godt besøk og godt sal av bøker. Laget vart også tildelt diplom for «Beste stand»!

Framover vert fokuset å auke medlemsmassen då betalande medlemmer har gått ned! Vidare vert arbeidet med biletinnsamling  prioritert, samt lage eit nytt bilethefte.  Laget vil elles vere med på Sumarsamkoma og Sandemessa også komande år!

Larsnes Sogelag hadde eit veldig godt år i 2021, eit aktivt, oppegåandes styre,  er mi vurdering!

Leiar i valkomiteen, Aslak Storegjerde, la fram kva dei hadde komt fram til, og det var gjenval over heile linja!!  Det er ikkje vcrst!

Val:  Hilde Brune Nystøyl, kontaktperson, Marte Storegjerde, skrivar,  Solrun Slettestøl, kasserar, Gunnar Indresøvde og Rune Slettestøl, styremedlemmer, Steinar Skoge og Dorthe Nordahl, varamedlemmer

Valnemnd: Arthur Vestnes og Torbjørn Rekdal, revisor: Anne Marta Torset

Kontaktperson innimot Segn og Soge. Einar Ekroll.

tronto@tussa.com