STATSRÅDEN VÅR

«Bjartmar Gjerde var småbrukersønnen som ble samfunnsbygger», sa dåverande statsminister Jens Stoltenberg etter at  Norges første olje- og energiminister Bjartmar Gjerde døde 28. november 2009. «Han var også kirke- og undervisningsminister  og industriminister».

I minnetalen frå Stoltenberg trekte han fram at Gjerde var den fekk gjennomført lov om vidaregåande opplæring som sikra 12 års skulegong for alle.  «Han var også med på å bygge det nye olje-Norge i de åra han var olje- og energiminister. Store deler av disse inntektene gikk til fellesskapet, og i Arbeiderpartiet var Gjerde en ruvende skikkelse. Han hadde en sjelden styrke og kraft og sette djupe spor», sa Stoltenberg.

BAKGRUNN

Bjartmar Gjerde vaks opp på Larsnes, på eit av småbruka på Gjerde som vart dreve av foreldra.  Han var fødd  6. november 1931  i ein søskenflokk på 6. Fordi familien hadde dårleg økonomi fekk han ikkje meir skulegang enn folkeskulen. Han ville gjerne ha vidareutdanning og søkte Rovde kommune om garanti for eit lån på 3000 kr for å gå på realskule, men kommunestyret sa nei. Han skaffa seg meir utdanning i voksen alder , og hadde eit studieopphald ved Harvard University i 1964.  Då han var 16 år gammal forlot han småbruket og reiste til Ålesund der han arbeidde  ei tid  som journalist i Sunnmøre Arbeideravis. I ei periode var han redaktør for AUF – avisa Fritt Slag.

Han gifte seg i 1954 med Anne Hoel og dei busette seg i Oslo. Dei fekk 3 gutar.   Foreldra var Astrid og Hjalmar Gjerde – og dei var  6 i søskenflokken. Bjartmar var andremann, og to av søskena vart buandes på Larsnes, eldstemann  Kåre  og Edna,  gift  Olsen.  Ein av brørne var Herlof  som også hadde mange verv høgt oppe i Arbeiderpartiet, bla. statssekretær ei lita periode. Dei to yngste var jenter og busette seg på Stranda; Anne Margrete og Inger.

Bjartmar Gjerde var ikkje så ofte på Larsnes etter at foreldra døde, men var festtalar på 17.maifesten  1983 på gamle Breidablik – og han opna Nyglå i april 1986!

POLITIKK OG ARBEIDSLIV frå 1958

Gjerde var leiar av Arbeidernes ungdomsfylking – AUF i perioden 1958 – 1961, og i 1961 sekretær i Arbeiderpartiets stortingsgruppe. I 1963 vart han sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsfond – AOF, ei stilling han formelt hadde heilt til 1981; avbrote av fleire perioder som statsråd.

I mars 1971 vart statsråd for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Trygve Bratteli si første regjering. Han hadde denne posisjonen fram til hausten 1972 då Korvald tok over som statsminister etter EU-avstemminga. Litt seinare  – i 1973 – gjekk han inn i Bratteli si andre regjering. Denne stillinga hadde han fram til januar 1976.

I 1976 vart han industriminister i Odvar Nordli si regjering. Etter to år som industriminister, vart han i 1978 minister for det nyoppretta Olje- og energidepartementet, den første oljeminister  Norge hadde. Dette var ei dramatisk periode med Alexander Kielland-ulukka, konflikter om arbeidsoppdrag i Nordsjøen, Statfjordkostnadane  og uro med Alta-utbygginga og den store aksjonen der. Dette var tunge saker.

Hausten 1980 gjekk han ut av politikken og  vart kringkastingssjef i 1981. Denne stillinga hadde han fram til 1989. Dette var då NRK sitt monopol på radio og fjernsyn vart avvikla, og dermed stod rikskringkastaren  stilt overfor nye utfordringar. Dei første uavhengige drevne lokalstasjonane dukka opp på 1980-talet, og private fjernsynssendingane begynte å konkurrere med NRK i 1987.

Etter avgangen i NRK vart han arbeidsdirektør og sjef i Aetat, ei stilling han hadde fram til 1994.

Bjartmar Gjerde ville ha fylt 90 år 6. november 2021 – ein bauta og markant skikkelse i norsk politikk i  perioden 1958 – 1980; den som har  komt lengst i rikspolitikken og  einaste statsråden vi har hatt frå ytre Søre!

(Kjelder: Store Norske Leksikon, Wikipedia, Norsk Biografisk Leksikon, VG, Bergens Tidende)

Trond Torset , november 2021