Det lyser i landsbyen..

Onsdag vart landsbyen skikkeleg opplyst med «lyshjerte» ved Nyglå, «lysbåt» på landsbystranda, «kunstjuletre» på utescena og ikkje minst 5 flotte lys-iskrystallar!  Det gjer seg med lys  i desse litt mørke pandemitider – og alle tilbakemeldingar har vore udelt  positive.  Med desse flotte lysa som bakteppe vil Landsbyen Larsnes ønskje alle ei fin og god jul – og ta vare på på kvarandre!

I fjor hadde Småtroll ein flott lysfest med blant anna tenning av lys i «lysbåten» på Landsbystranda og «lyshjerte»  mellom butikkane og Nyglå . I år tok Andrè  saka i eigne hender og fekk lys både på hjertet og båten. Rasmus tok seg av «kunstjuletreet», og  no i år no fekk vi eit nytt lysinnslag; 5 iskrystallar i 5 stolpar i sentrum. I veka  var ein heil gjeng i aksjon for å montere iskrystallane: Ole Christian og Olav  tok seg av det elektriske, Andrè styrde trucken,  Asle og Hans Amund hong oppi korga og fekk skrua fast alt, Rasmus, Tobben og Trond tok også del. Litt over 1600 sist onsdag  lyste krystallane  opp! Ein flott dugnadsgjeng!

Men dette kostar!  Landsbyen Larsnes vil takke bidragsytarane: Joker Larsnes, Sparebanken Møre, Larsnes Buss og Last, Larsnes Auto, COOP-Marked, Larsnes Mek Verksted,  Rune Slettestøl As, Larsnes IL, Larsnes Helselag. Utan deira støtte hadde dette ikkje gått! Takk!

Det er meininga å få blomsteroppheng i stolpane til 1. mai.

Viss det er fleire som vil bidra,  tek vi imot med glede! Kanskje kan det bli fleire krystallar til neste advent!