«RO SAILOR» til kai

Tidleg søndags ettermiddag – 6 desember-kom eit slep frå Gdansk! Dette er nyaste  båten i Rostein-familien og bygg nr 67 for Larsnes Mek Verksted.

Rostein  AS har nærare 20 båtar og «Ro Sailor» er altså siste båt i dette selskapet! Slepet starta tysdag frå Gdansk og denne gongen var ingen vanskar! Båten er nesten 80 m lang og 15 m brei! Det var ein tydeleg stolt disponent – Jarle Gunnarstein – som tok imot båten! Ut på våren ein gong er det klart for dåp!
Og oppi det heile; største slepebåten som har vore innom Larsnes, vil eg tru!

larsnes.no gratulerer både rederi og verft med «Ro Sailor»!