|
Foto: Øystein |
Landsbylaurdag
Mykje vil skje på landsbylaurdagen, følg med.....
Yr melder fint ver, fleire aktivitetar, sal, underhaldning, plass til meir, ta del du også!
Zumba
Marita Refsnes starter opp med Zumba på Larsnes 08, september. Meld deg på!
Svært vellukka fotballskule
Sparebanken fotballskule er gjennomført med glans.
Mange flotte og eksemplariske ungar, dyktige instruktørarar, fleire dugnadsvillige foreldre og Sparebanken Møre gir fotball anledning til å gjennomføre tre dagar med fotballskule.
Meir stoff frå fotballskulen kjem fortløpande på fotball sine eigne sider.
Sparebanken fotballskule
Oppmøte kvar dag kl 16.15. Ta med godt med kle, evt kleskift i tilfelle regn, regnkle ved behov. Det er alltid slik at fleire legg igjen kle etter treningsøktene. Minn barna på å få med seg kle heim.
Det vert servert måltid kvar dag med drikke til. Det er likevel lurt å ha med seg drikkeflaske med vatn på, då det er fleire timar med fysisk aktivitet.
Vi oppmoder foreldre om å vere tilskodarar på skulen for å støtte opp om ungane sine aktivitetar.
Det er høve til å kjøpe seg treningsartiklar, så stikk innom Umbroteltet!
Aldersgruppa opp til og med 1999 modellane får tilbod om kano, så ta med redningsvest.
Trening frå 16.30 - 19.30 alle dagar.
AAFK spelarar kjem på besøk tirsdag.
Torsdag er det grilling.
ALLE SOM HAR MELDT SEG PÅ HAR FÅTT PLASS! DET ER ENNO IKKJE FOR SEINT Å MELDE SEG PÅ.
Arthur-helga har starta
|
Foto: Erlend Vikene |
På Larsnes ferjekai er det stor trafikk på enkelte ferje-avgangar.
Fleire rekker med bilar må stå igjen.
Video frå Sommarfesten
Det er enda mulig å kjøpe Sommarfesten 2010 på DVD eller fil.
- Full pakke (DVD,fil til PC og dekorert cover) ,-175 kr
- DVD (DVD og dekorert cover) ,-150 kr
Ta kontakt!
E-post: post@ejhv-film.com
Ledige plassar
Sparebanken fotballskule har fleire ledige plassar.
17. 18. og 19. august på Larsnes stadion.
Påmelding til Margunn Rekdal sms 99419562 eller mail margunn.rekdal@sande-mr.kommune.no.
Palestina!
|
Foto: Erlend Vikene |
Larsnes J16 spelte mot laget Paces frå Palestina på Norway Cup!
Det var ein stor og ein heilt ny opplevelse for jentene. Før kampen fekk alle sjald rundt halsen!
Stillinga vart 8-0 til Paces.
LANDSBYLAURDAGEN 11.09.2010
"Flygeblad"
FLYGEBLAD/ORIENTERING
Til
verksemder/butikkar
lag(/organisasjonar
musikantar
LANDSBYLAURDAG 11. SEPTEMBER
Frå kl. 10.00
Konsert med lokale aktørar i to avdelingar - start: kl. 12.00
Landsbyrådet ønskjer å arrangere ein liknande landsbylaurdag som tidlegare med underhaldning på landsbyscenen, aktivitetar frå lag og organisasjonar og at butikkane i sentrum stiller med noko ekstra.
Landsbyrådet skal IKKJE ha noko inntektsbringane på denne dagen – det får lag/organisasjonar syte for.
Vi hadde tenkt oss at dei hadde
Kiosk (kaffi/brus/vafler/sveler)
Grilling
Loddsal
Utstilling/marknadsføring
Vi ønskjer at butikkane/verksemdene har ”noko ekstra” - eks. gode tilbod, smaksprøver, utstilling, ell.likn.
Andre idear/aktivitetar:
Juniorklubben/Gamlebanken: SingStar
Idrettsskulen: Nedoverbakkeløpet frå Drageskaret
Fotballgruppa: Triksing/presisjonsskyting, målscore
Skyttarlaget: Miniatyrskyting
Landsbyrådet vil organisere/samkøyre aktivitetane, setje opp telt og ikkje minst: STÅ FOR KONSERTEN PÅ LANDSBYSCENEN med lokale aktørar
Altifrå HML Varden , Småtroll, solistar av alle typer, Skulekoret,m.m.m. – ja, alle som vil, t.d. skuleelevar (duett eller små songrupper)….
Konserten er tenkt to-delt og med start 1200.
Stad: Landsbyscenen - mellom Nyglå og butikkane. Scenetelt, bord og benkar skal oppsetjast, skikkeleg lydanlegg skal vere på plass.…..
Landsbyrådet ønskjer framhald av vegnamnkonkurransen frå i fjor.
Først og fremst blir det ein namnekonkurranse om plassen i sentrun – mellom butikkane og Nyglå. Kva skal den heite? Følg med på larsnes.no.
Landsbyrådet tek ny kontakt ved skulestart.
BLI MED DU OGSÅ!
Larsnes, august 2010
Beste helsing og med ønskje og håp om framleis nokre dagar med SOMMAR frå Landsbyrådet
Siger!
Det blei siger for Larsnes J16 då dei spelte mot Siggerudjentene søndag. Stillinga vart 4-0 til Larsnes J16!
Malin 1 mål
Silje 1 mål
Elise 1 mål
Elisabeth 1 mål
Sjå meir på www.ejhv-film!
Norway Cup
|
Foto: Erlend Vikene |
Larsnes J16 deltok i opningsparada på Norway Cup laurdag kveld!
Parada gjekk frå Brannfjell skule til Ballsletta.
Alle deltakarane på Norway Cup deltok i parada!
Følg Larsnes J16 på www.ejhv-film.com
Tur til Oslo under Norwaycup?
Ca 900 kroner tur/ retur.
Avgong laurdag morgon kl 06.15 frå Gursken oppvekstsenter med retur mest truleg torsdag.
Gursken/ Larsnes/ Gjerdsvik lag har leigt seg buss til Norwaycup. Det er nokre seter ledig, slik at det er muleg å tinge seg plass.
Ta kontakt med Inge Vik 47247949
Levande Landsby!!!
Aksjon i dag - alle damer i Landsbyen på rådhusplassen kl. 17!!
Her kjem det store engasjementet - dette brenn vi for.
Det heile starta med ein kaffikveld - og diskusjonen var i gong. Resultatet er ein aksjon kalla Levande Landsby.
Alle damer mellom Laup og Nup er oppfordra til og velkomne til å vere med på ei markering på Rådhusplassen i dag tysdag kl. 17. Orientering og informasjon om aksjonen vil verte gitt, og vi håpar på stor respons.
Sjølv om vi som jobbar med dette har både hus og heim, ser vi viktigheita av å få fleire til bygda vår. Vi treng ungar til skule og barnehage, til idrettsskule og fortallag, fleire til å ha det kjekt saman med og fleire som bur her og betalar skatt til kommuna vår.
Hege Beitveit m.fl.
Høg aktivitet
|
Foto: Margunn |
I helga er det mange som har nytta seg av sandvolleyballbana. Kombinasjonen av fint ver og nytillaga bane la til rette for aktivitet. Fleire synes det er topp. Prøv du også! John Harald har vel vore av dei ivrigaste. Sjå galleri!
Innvia sandvollyballbana
Det er sant, sandvolleyballbana vart innvia i dugnadsøkta i kveld. Dugnadsgjengen på fem seks mann og eg tok oss ein liten test. Det var sabla artig, gode forhold, enno er det ikkje sikra skikkeleg. Svetten kom i panna til nokre av karane, og det var ikkje snakk om å spele til 25.
Sparebanken Møre fotballskule 2010
17., 18. og 19. august
Kvar dag frå 16.30 - 19.30
Kr 410,-
Sparebanken Møre og Larsnes IL – fotball inviterer til fotballskule på Larsnes for alle som har gått på barneskulen ( dvs frå 6 – 12 år).
Det er ein fin fotballskule med teknisk trening, spel, merketaking og kamp. Det vil vere plass til eigaen keepergruppe. Vi ber om at dei som vil ta del på keepergruppa skriv det i påmeldinga.
Det vert servert mat og drikke kvar dag.
Det kjem besøk frå AAFK ein av dagane, og i tillegg får deltakarane ein gratisbillett til AAFK kamp i haust.
Nytt i år: Umbrotelt med sal av litt utstyr
PÅMELDING: Bindande til Margunn Rekdal
På mail: margunn.rekdal@sande-mr.kommune.no
På mobil: 99419562
Gi opp namn på deltakar, fødselsår, namn på ein forelder og tlf nr.
Vi har plass til ca 100 deltakarar og først til mølla gjeld!
Gratulerer
Larsnes.no gratulerer Hallbjørn og Kristin med bryllaupsdagane!! Lukke til på bryllaupsreisa.
Ein sommarkveld..
Det har vore under emning, og no skjedde det
Blomsterkassene kom fredagskvelden på plass ved landsbyskilta, og det er ikkje plastisk fantastisk, men ekte saker.
Sommartid
- Larsnes.no ynskjer sommarbilder og anna smånytt.
- Husk du kan sende inn fødselsdagshelsingar
- Andre minnerike begivenheiter kan formidlast som konfirmantar og brudepar
- Annonsering av sal, leige, gi vekk mm
GRATIS, du må berre sende det til mailadressa
1 |

