VARDEVEGEN – tippemiddelsøknad er godkjent

Ein ny, stor dag: Larsnes IL fekk av Kulturdepartementet godkjent søknaden om tippemidlar til Vardevegen – som nærmiljøanlegg!  Dette er ein tidlegare plan om å rehabilitere den gamle vegen langs sjøen frå Hallebygda til Larsnes – og lage denne til ein turveg! Eine påknytningspunktet er ved vegen til det nye bustadfeltet på Storhaugen som no har fått godkjent alle planar i kommunestyret og er no klar for utbygging!  Den andre «enden» av vegen er ved Skitnevika!  Vardevegen er i tråd med kommunen sin arealplan!

Turvegen vil bli om lag 500 meter lang med ei trebru over elva ved Hallevatnet!  Godkjent søknadssum er 300 000 kr, og så kjem dugnad og eigenkapital i tillegg!

Dette var einaste vegen på land frå Hallebygda til Larsnes – heilt fram til rundt 1900. Den var også skuleveg. I 1837 kom formannskapspslova og «Almugeskulelova» som slo fast at alle skulle få gå på skule. Det var omgangsskule på våre kantar til ei ny skulelov – «Folkeskoleloven» som vart vedteke i 1860 og den krevde eigne skulehus.  Første skulehuset kom i 1867 på Nygård og vart «fastskule» for Hallebygda og Dalebygda krinsar.   Vardevegen ved sjøen var skulevegen til elevane for elvane på Larsnes og i Dalebygda! Denne skulen var i drift til 1892 då det vart bygt to nye skular; den eine på Halle indre og den andre for Dalebygda krins opp på Kvalen! Vardevegen var altså skuleveg i 25 år!

Alle papir med rettar er sikra på alle måtar vart det konkludert i eit kommunalt notat frå 2001.

I eit grenseforlik frå 1889 heiter det: » Den gamle Fodsti, Vardevegen, forbeholdes de øvrige Gaarde fri og uhindrede, som hidtil, ligesom R. Rønneberg tilstedes, at denne Vei på enkelte Steder forbedres, saa at den kan blive bedre fremkommelig!»

No skal vegen endeleg   «..blive bedre fremkommelig!»