
Turstiar
Det er “tusenvis” som har teke turen frå Drageskaret til Storhornet! Der er 9 “bruer”, einer og lyng har blitt klipt, steinar har blitt lagt på mange av dei våtaste partia og stien har blitt skikkeleg merka! Kjempegreier og godt arbeid av Trimgruppa i Larsnes IL. Og no vil dei meir!
Arbeidet med å legge steinar på stiane austover frå Drageskaret er allereie i gong, men Trimgruppa ønskjer å merke stiane skikkeleg, og dei vil på Sandemessa selje”merkepinnar” slik at ein får kjøpt naudsynt materiell slik at dette kan bli gjort til nytt “fjellår” i i nærområdet vårt! Ja, kvar i verda er vel betre og finare enn å ta seg ein tur på fjellet vårt; enten til Storhornet, Grøthornet , Veten, ja, kvar enn du går! Så kjøp deg ein “pinne” på messa – og hjelp Trimgruppa med dette arbeidet!
tronto@tussa.com