Trafikkteljing på Larsnes frå hausten

Vegvesenet har no lagt ned kablar for trafikkteljing på Fylkesveg 61. Målepunkta er plassert på hovedvegen, – 2 punkt, og eitt målepunkt på Hallebygdvegen. Bildet viser punktet på Hallebygdvegen.

Det er nedgravd kablar i asfalten. Systemet kan skilje mellom store og små bilar og kjørety. Kablane blir kobla til ei boks som sender fortløpande informasjon til ein sentral til Statens Vegvesen. Avd.ingeniør Torbjørn Gjendem opplyser at alle slik trafikkdata er offentleg informasjon som ein etter kvart vil finne på nettstaden www.vegkart.no. Der kan ein søkje på kvart målepunkt om ein ynskjer. Ein har også system for registrering av gåande og syklar men det er ikkje montert nokon plass lokalt i denne omgang.

einar.ekroll@tussa.com