Ting skjer i landsbyen….

Ting skjer i Landsbyen! Vi har ikkje før vorte ferdige med haustens dinnershow  Feel It , før det er Sandemesse på landsbyhuset; både laurdag og søndag 24. og 25. november! Men det er fleire ting som skjer i nær framtid!

¤ Fredag 30. nov. kl 1830: Julebord i Handicaplaget på Landsbyhuset

¤ Laurdag 1. des. kl. 2000: Landsbyquiz   på  Naboen Restaurant

¤ Søndag 2. des.: Julegrantenning og adventskaffi på Landsbyhuset med HML «Varden»

Av «faste arrangement» så må det nemnast at kvar tysdag kl 1700 er det underhaldning på Øya, Sandetun , på Gamlebanken har Larsnes Sogelag «ope hus» kvar onsdags kveld. I hallen er det seniortrim kvar mandag kl 1400 og  yoga kvar onsdag!

Lag og organisasjonar har sine faste øvings- og treningsdagar!  Gå innom facebook – og viss du vil vere med: Ta kontakt!

…og snart er det jul!

tronto@tussa.com