TING SKJER….

Ikkje før hadde vi lagt unna nyttårsfeiringa, før arrangement og  aktivitetar starta opp igjen! Feel It gjorde sine fire siste show med ei forrykande avslutning. Det er berre å seie TAKK! Språkkafeen på biblioteket har starta opp att, og sist helg var det UKM på Breidablik med utruleg mange deltakarar! Det gror! Og oppi det heile; stordugnad  av LIL Fotball med vask på Holmen!

Framover:

Treningane er starta opp att; alt ifrå yoga og seniortrim, til fotball og idrettsskule,  pluss årsmøter i «alle» lag, og dette er ikkje alt !

Kvar mandag kl 1400: Seniortrim i Larsneshallen.

Kvar onsdag; Yoga i Larsneshallen

Kvar onsdag: Ope hus på Gamlebanken i Larsnes Sogelag

Kvar tysdag: Underhaldning på Øya, Sandetun

14. febr.:  Språkkafe på biblioteket

16.feb.: MSIL Wheelers – trening i hallen. (Basketball-laget til Jørn-Hugo)

21. feb.: Språkkafe på biblioteket

23. feb.: kl 2100:  Trubadur Øystein Echoff på Naboen Restaurant

Dette er berre «smakebitar» på aktivitet. Vi oppmodar lag og organisasjonar om å vere flinke til å melde inn aktvitetar og i tillegg kome med referat frå t.d. årsmøter og arrangement elles! Vi skal på nytt sjå om vi får kulturkalendaren opp å gå i løpet av vinteren; tekniske problem har sett oss noko tilbake.