Telefonkiosken i Årvika

I mange år brukte fleire denne kiosken. No står det att 100 slike og minner oss om ei tid som var! Du har sikkert sett ein slik; – den raude telefonkisken; eit lite rom for store og små augneblink! I dag er altså 100 slike verna; 6 slike er det i Møre og Romsdal; og den einaste på Synste Møre står inni Årvika ved ferjeleiet!

Engelskmennene var først ute med slike små «hus» rundt om! I 1932 vart den norske varianten teikna – og frå 1933 til 1995 vart det produsert rundt 9000 av dei! Første raude kiosken vart sett opp i 1933 – og siste summetonen i ein raud kiosk var i 2016 i Oslo!

Christoffer Rønneberg var ein framsynt mann og fekk etablert telegrafstasjon på Larsnes allereie i 1863. Larsnes Telegrafstasjon var i sving frå 1863, telefonstasjonen kom i 1899  og heldt først til på Gamle Handelslaget.

28. mai 1980   vart  siste samtalen  «plugga» inn på stasjonen som då var lokalisert i andre høgda på Vasstrandsbtikken.  Då var Larsnes automatisert – og det var  ikkje lenger  behov for slike tenester. Fleire hadd e no fått  innlagt telefon. Sidan veit vi «alt» om mobiltelefonar som er i «handa» på nesten alle i dagens samfunn!

Men så står han der då; den raude kiosken inni Årvika og minner oss om ei tid som var; og slik har han stått der sidan  195 (?) fram til summetonen vart teken frå han i 200(?).

Spørsmålet er altså; når kom den raude kiosken på plass; og når vart summetonen teken frå han?

Noko for Jokerkråa?

tronto@tussa.com