Syftesokfeiring samlar Hallebygda

Rjomegrauten formeleg flaut på Halletun søndag. Etter første timen var nær 100 porsjonar fortært. Det sjønære med Eliasbåten, kanopadling og ikkje minst funball fall i smak hos dei yngste. Det heile i ei trygg ramme med instruktørar og bruk av redingsvestar. Pølsegrilling i parken, stor tombola, brannbildemonstrasjon og klatring på tome bruskasser og styltegåing for å nemne litt av aktivitetane.

Aslak Storegjerde held eit minikåseri om Syftesok og lokale skikkar i samband med den årlege markeringa. Hallebygda har lange tradisonar i feiringa av denne dagen. Torleif Storegjerde bidrog med musikalske innslag. Ida Kristin Halle underheldt med song.

Syftesokgeneral Dagfinn Nerland og gjengen hans var godt  nøgd med tilstrøyminga. Han takkar Monica Hammer og Ingvill Kristensen på kjøkkenet, Trygve Gaustad, Torgrim Taklo og Paul Anders Roppen som styrte uteaktivitetar og Wenche Brit Thorseth, Kjell Skoge, Ann Mari Halle, Øyvind Grønnevik og Knut Nystøyl  og ikkje minst til lokale støttespelarar.

Nær 400 besøkte Halletun, noko som truleg er rekord.