STOR AKTIVITET I GRØNNEVIKA SMÅBÅTLAG

Stor aktivitet og store  planar i Grønnevika Småbåtlag – særleg frå våren og utover. Hamna har vorte ein viktig sosial møteplass for mange i landsbyen,  og Grønnevika Småbåtlag har mange planar framover. Ja, spennande vert det, og  vedtaka frå årsmøtet i februar er: Moloen skal forlengast, fleire båtplassar skal kome; ja, omframt ei gjestebrygge!

Vi saksar litt frå referatet frå årsmøtet:

  •  Avtalen mellom Grønnevika Småbåtlag, Grønholmen og Raudegrøten er i orden – og vart samrøystes godkjent av årsmøtet.
  •   Årsmøtet vedtok også  forlenging av molo og utviding av brygge.
  • Leiar Vidar Selvik orienterte om budprosjektet Under eventuelt vart det ytra ønske  om redningsstigar og redningsbøyer.
  • Styret oppmodar alle medlemmer til å teikne ansvarsforsikring på båtane som ligg på hamna.
  • Styret planlegg ein stor vårdugnad.
  •  Val: Leiar: Vidar Selvik; medlemmer: Mathias Gjerde, Øyvind Grønnevik, Kato Voldnes, Erlend Sætre.

Ja, det har vore store endringar sidan «nyevegen» kom inni Vikane på slutten av 60-talet. Spørsmålet som dukka opp var: Kvar skal ein gjere av all overskotsmassen?    Tanken om småbåthamn vart sådd, men ikkje meir.  Men Alv Grønnevik gav grunn til å lage ein veg ned mot Raudegrøten og sjøen   – og viss det då var endå meir masse, begynne å fylle ut, i første omgong ein snuplass. Dette var kimen til skipingsmøtet 1. februar 1976; då Grønnevika Småbåtlag    vart ein realitet. Første brygga kom like etterpå!

I dag  er det   81 plassar fordelt på 3 brygger inkl. 7 heilt plassar! . og laget har gode planar framover. Siste laurdagen i april var det stordugnad med utlegging av brygger, oljing og beising og strandrydding på moloen og i hamna!

Vi møtte leiaren; Vidar Selvik; for å høyre litt om framtidsplanane! Vi dar  ser optimistisk på framtida, samtidig som han drog ei kort linja bakover ei 5 års tid! – Nye båtplassar  og straum og vatn på alle bryggene, er allereie gjort. Og no er det å fylle stein på moloen innover. Det er Fiskå Maskin som står for utfyllinga – og pengane kjem frå dei siste 7 plassane som vart selde, ja, for dette var øyremerka pengar, seier han.  Han legg til at dei siste 7 kjøparane er lokale folk, og framleis er det venteliste! Sparebanken Møre har sponsa oss med TEFT-midlar – desse pengane vil blant anna bli brukt til å  få på plass redningdleider, oppslagstavler og benkar!

Hamna har laget fåttt løyve til å fylle ut 30 meter! Dette kan generere fleire båtplassar, samtidig så vert hamna lunare for dei yste båtane! Innover er det veldig djupt slik at håpet er ein får i alle fall 15-20 meter!

Veldig spennande vert også budprosjektet. Kanskje vil ein bygge muren allereie i haust; gråsteinsmur bygt i tilsvarande stil som den på Raudegrøten.  Oppå vert der buder! Det vert då eit flott hamneanlegg! Laget har hatt  ein god dialog med kommunen og Vidar har tru på at søknaden vert handsama før ferien! Hamnebiletet blir då flott!

Litt lenger fram i tid er det snakk om gjestebrygge, når moloen innover ferdig. Ei «rølebud» med toalett og dusj hadde også gjort seg, seier Vidar, og viser til stort engasjement og god oppbacking av medlemmane! Heile tida må ei sjå på oppgraderingar, gjere ting betre, ja, sjå på alt rundt!

Til slutt seier Vidar vi ikkje må gløyme det sosiale oppi alt. Det viser seg i dag at småbåthamna er vorten ein møteplass for mange, så vi treng i grunnen ei «rølebud», i alle fall benkar. Dette hadde vore greitt  både for eigarar og andre besøkande!

Vi ønskjer Vidar & co lukke til med arbeidet framover!

tronto@tussa.com