Sparebanken Møre sin fotballskule

Sparebanken Møre fotballskule vert arrangert tysdag 14. august tom torsdag 16. august med ypperlege treningsforhold på Larsnes stadion. Det er fortsatt høve til å melde seg Mail til Aadne.sandanger@sbm.no eller sms 91834355. Meir kan du lese på larsnesfotball.no.

Larsnes fotball har lang erfaring med å arrangere fotballskule med ein fast gjeng av trenarar og hjelparar. Deltararane får fleire treningsøkter med vekt på øving av teknikk. Utstyr følgjer med. Mat, med grilling siste dag. Besøk av profesjonelle spelarar frå Hødd og AAFK er eit innslag.

Fotball som samfunnsaktør ser på Sparebanken Møre sin fotballskule som eit viktig bidrag i lokalsamfunnet for å skape glede, fellesskap og respekt. Det er forventa at alle fører eit positivt språk og følgjer verdiane til fair-play.

Foreldre er hjarteleg velkomne, kaffi skal det bli. Vi veit at barn set stor pris på foreldra si involvering i aktivitetane. For dei minste kan det vere eit  avgjerande for at barna skal føle seg trygge og ha eit godt utbytte av fotballskulen.

Under er det lagt ut ein bildeserie frå tidlegare fotballskular.