Sparebanken Møre fotballskule

Fotball skal vere gøy! Glede, fellesskap og respekt er verdiar i kvalitetsklubben Larsnes. Det er forventningar frå arrangør at desse verdiane skal vere leiande for aktiviteten i laget sin regi.


70 fotballspelande barn har meldt seg på den årvisse fotballskulen i regi av Sparebanken Møre og Larsnes IL som er ein auke frå i fjor. Dei fleste er frå Larsnes, men det er og ein god gjeng frå Leikong. Elles er det påmeldte frå Skodje, Oslo, Lesja, Åram, Sandsøy, Gjerdsvika og Gursken. Fleire av dei som kjem frå andre lag, kjem år etter etter år.

Saman med solide trenarar i klubben er mange unge dyktige instruktører vesentleg for å lukkast med gjennomføring av tre timar aktivitetar tre dagar på rad. På bilete ser vi  nokre planlegge komande treningsøkt. Aleksander Rekdal som er spelar på LGFK sørger for at gruppa rundt dei eldste har ein plan. Øvingane som vert vektlagt på Larsnes stadion desse fotballskuledagane er henta frå Norges fotballforbund sin tilgjengeleg idebank.

Kvar ettermiddag er det halvvegs  servert kveldsmat. For å få til dette er det ein kjøkkengjeng i sving med Heidi Skoge som ansvarleg. Første  dag har ho med seg Helge Tødenes og Elisabeth Skoge til å bidra.

I Larsnes fotball er det fokus på fair-play. Denne gongen har ein lagt vekt på «tommelen opp» som er ein måte å kommunisere positivt til kvarandre på. Dette er eit konkret tiltak på å motverke negative respons som har ein tendens utvikle seg negativ dersom ein ikkje har eit medvite forhold til gode haldningar. Det er lett å observere at det er mange barn med eit glimt i augo og smil om munnen. På vandring mellom gruppene er det lett å sjå at alle er involvert og at deltakarane praktiserer « tommelen opp».

For mange er det relativt hardt etter ein sommar med kanskje mykje stillesittende aktivitetar. Men av bileta i galleriet ser vi at det er godt aktivitetsnivå det til tross.