Sommarshow på Larsnes

Det er unikt å få  scenetibod i humorsjangeren lokalt. For fjerde året presenterer Oskar Fjørtoft Sandanger  «Sommarshow på Larsnes» som kun vert vist i landsbyen.  Han og  fem gode   vennar har skapt 25 splitrande nye nummer som dei vil vise til publikum denne helga.

Eg tok turen innom Gamlebanken sine lokaler tysdag ettermiddag. Musikken ljomar, men midt  i øvinga står Oskar i inngangsdøra og inviterar meg på bakrommet for ein prat. Hermann sit i eine hjørnet med ein PC som er den  einaste staden å få tilgang til Internett. Like etter kjem Lucas med ein pakke henta på posten som inneheld dei nye draktene som aktørane har på seg på bildet.

Oskar framstår roleg, fins ikkje synleg symptom på stress. Han plukker seg litt  i skjegget og fortel engasjert om showbransjen som eg trur kan vere utfordrande å lage til levebrød.  Men som han drøymer om å vere ein del av. Alle tekstane og minst 15 kullkasta idear er skapt gjennom vinteren, men mest no i den mest intense perioden like før.

Oskar seier at det er ledige billettar, bruk nettet, ting på SMS,  sjå plakater! Han lovar eit  show betre enn tidlegare, ikkje minst fordi dei har hausta erfaring år for år.  Han meiner det passar for alle aldersgrupper. I fjor var det barn ned til 2 års alder og den eldste var over 80. Oskar minnast at dei kosa seg.  Det er eit variert program, og utan å røpe for mykje kjem Kong Arthur og John Arne Riise. Lokale saker er sett på dagsorden,  blant anna skulestruktur.

Oskar  bur til dagleg i Oslo og fortel at han har lyst til å fortsette å jobbe med humor/ show når han no er ferdig med ein bachelor i drama og teaterkommunikasjon. Så lenge publikum vil, så lagar han til show på Larsnes. I tillegg trivast han på scena på Gamlebanken. Han synes det er eit fint bygg og ein intim stemning i lokala.  Allereie tidleg i ungdomsalderen visste Oskar kva han ville bruke tid på. Han spelte på LGFK, og ja elska fotball som mange andre, men  gjennom  UKM (ungdommens kulturmønstring) visste at han ville satse på humor. Til  hausten skal han jobbe som UKM fylkeskontakt i Oslo.  I tillegg har han ei lita stilling i skulen. Oskar har fått litt erfaring med å lære frå seg  og likar det. Han ser føre seg at han kjem til å undervise i framtida. Han har tankar om å ta pedagogikk og nokre fag.

Oskar hadde ikkje greidd dette utan alle sine støttespelarar her heime. Det er stor dugnad i familiene Brune/ Leikanger og Fjørtoft/ Sandanger for at Sommarshowgjengen skal få gjennomført sitt arrangement, kan nemnast mat, billettsalg, overnatting, logistikk, kostyme. Pappa Aadne Sandanger er kanskje den viktigaste og den ivrigaste støttespelaren.

Oskar seier til slutt at han gled seg til å vise publikum showet sitt og håper at mange tek turen til gamlebanken i helga!

 

Foto: Sommarshowgjengen

Mar.rekdal@gmail.com