Sommarfest på skulen

Tradisjonen tru; nest siste skuledag før sommerferien er det sommarfest for Larsnes skule på Landsbyhuset! Tradisjonen tru; Skulekoret avsluttar festen med «Sommarøya»! 

Alle elevane var med på programmet som vart leia av elevane som utgjer Elevrådet!  Vi fekk vere med på reglar og rim, song og dans, og vi fekk sjå filmar som elevane hadde laga! Etter matykta tok så alle med rektor Oddhild i spissen farvel med elevane som skal over Drageskaret til hausten! Ja, så var det skulesongen «Minnene du gav» og «Sommarøya» med skulekoret som avslutta ei svært triveleg ettermiddagsstund! Takk!

tronto@tussa.com