Snart hjortejakt

Dei  fleste av oss legg ikkje så mykje i  1.september, men for hjortejegerane er det ein viktig dato.  Den dagen er det heilt sikkert at jegerane Bjarte og Egil Johan Rovde er på post. Det er sesongstart på hjortejakta som varer heilt til 23. desember.

Forvaltning av hjort er regulert av forskrift med samarbeid på kommunalt/ interkommunalt nivå og i jaktvald, basert på hjortetellingar på våren. I år har dei to jegerane løyve  til å felle 10 dyr fordelt på kolle, bukk og kalv. Eg tippar at det i morgontimane første jaktdag vil det vere liv i stallen i Dalen.

Stallen i Dalen er  base for slaktinga  som er klargjort i god tid før startskotet går. Gode rutinar knytt til slaktinga er viktig for å få godt resultat fortel dei når eg snakkar om den skarpe hjortesmaken det var før i tida. Bjarte meiner at hjortejegarane har meir kunnskap i dag og difor er flinkare  med slaktehygienen som gjer at smaken av kjøttet er mildare.

Frå hjortejakta

Egil Johan har jakta sidan -81 og Bjarte sidan -92, så dei er svært erfarne jegerarar. Egil Johan fortel at han gjekk i lære med Bernhard Joksch. Han hugsar godt første dyret han felte, og den store skjelven han fekk. Kombinasjon av førstegongsnervar, spenninga og respekten for dyret sette han ut. Å skadeskyte dyr er noko jegarar absolutt vil unngå.

N Hjortejakt

Hjortejegarane  tenker mykje hjort. Ein jeger må ha tolmod, list og uthald. Dyra er smarte! Drivkrafta i hjortejakta er spenning og bonusen er skyte dyret med mål om å kunne lage gode måltid. Egil Johan seier det ultimate måltidet er laga av ytrefilet. Romantikk  med levande lys og raudvin er ein del av pakken.  Heime hos Bjarte er det Guro som er den beste kokken seier han.

I løpet av tida eg snakkar med jegarane, denne augustkvelden ved stallen er kikkerten oppe fleire gongar for å ta  ei kolle med to kalvar i nærare «augesyn». Eg får innføring i vekst, utsjånad og meir til. Kikkerten er  flittig i bruk heile året. Møter du  Egil på vandring framover Dalen, gjerne saman med Astrid, skal du vere sikker på at kikkerten heng rundt halsen. Det er heller ikkje uvanleg at Bjarte svippar  seg ein tur fram til vassrensingsanlegget for å sjå på eller speide etter hjort. Jakt er meir enn ein lidenskapeleg hobby. Det er ein livsstil! Nokre gongar er det ein livsstil som påverkar planlegging og deltaking i store familiebegivenheiter. Viss eg forstod Bjarte rett kunne heller ikkje bryllaupsreisa kome i jakta. Skal eg tru Egil Johan legg han inn aksjar resten av året for å opparbeide seg tid til lidenskapen.

Heime hos meg har hjorten ete opp solbæra. I vår gjekk dei laus på eføyen. Ja, og det har vore meir hjortelort i hagen enn før. Samtidig har vi framme i Dalen mange fine stunder med med dyra tett på. Eg skjønar fascinasjonen når jegarane fortel om flotte naturopplevingar i grålysninga  når naturen viser seg frå sitt beste med dyra i fri utfalding medan dei ventar på den rette augneblinken.

Eg takkar for praten og anbefaler andre til å lytte til desse to.

mar.rekdal@gmail.com

Foto frå jakt: Bjarte Rovde