Skulestart 2018
Snart er to første vekene gått av skuleåret 2018/2019! Mandag 20. august var det skulestart for dei fleste elevane i Norge; også på Larsnes skule. I år er set skulen her «elevrekord» med heile 86 elevar.
Første klasse 2018/2019 består av: Kiril Balev, Mike Gadomski, Linnea Vattøy Gulbrandsen, Amalie Kristine Voldnes Joksch, Tiril Amalie Gjengedal, Kacper Majden, Zusanna Majden, Ella Nathalie Brekke-Oksavik, Justus Berntsen Gjerde, Olivia Sudol og Trine Vestnes. I alt 11 håpefulle! Utanom rektor finn vi 10 lærarar, 3 fagarbeidarar, 1 lærling og 2 reinhaldarar; ei relativ stor bedrift!
Rektor Dag Atle Eksund seier at det har vore ein grei skulestart med det aller meste på plass. Det mest positive er at elevtalsauken, men det medfører også mindre plass pr. elev! NRK Super med Wilhelm Støylen besøkte skulen første skuledagen – og dette vert å sjå på TV litt seinare i haust!
Eksund håper på nokre fineversdagar slik at fellesaktivitetar ute kan gjennomførast! Vi ønskjer lukke til med skuleåret!