Sesongstart i fotball og fair-play
Fotballsesongen i LIL i gong. Fotball er meir enn kamp og trening! Verdiane i idrottslaget er «Glede, fellesskap og respekt».
Larsnes fotball tek samfunnsansvar og jobber aktivt med fair- play. Det innebere at aktørar, trenarar, tillitsvalde og foreldre kjenner til at det vert jobba med å skape godt miljø for alle. Drivkrafta for alle FairPlay ansvarlege er at alle skal føle seg inkludert.
I sesongstarten set fotball respekt på dagsorden. Før kamp på heimebane er det fokus på verdiane og korleis vise respekt både på kamp, på trening og utanfor trening. Det er nulltoleranse for krenkande språkbruk. Foreldre vert invitert og får innblikk i korleis vi vil ha i LIL.
På alle heimekampar er det kampvert som følgjer opp verdiane før, under og etter kamp.
I løpet av sesongen vil det vere ulike arrangement som støtter opp om verdiarbeidet i fotball blant anna med «Vaksne skaper vennskap» som er ei markering av manifest mot mobbing.
Kvalitetsklubbarbeidet har ført fram til prosedyrer for handtering av krenkingar. Det viktigaste arbeidet er likevel førebygging. Mykje av haldningsarbeidet denne sesongen vil rette seg mot å hindre utvikling av negativt språkbruk som er eit generelt samfunnsproblem. I praksis vil det seie at vi aktivt rettleier i og følgjer opp gode måter å snakke med spelarar og motspelarar på.
Lil fotball håper at foreldre og anna publikum kan støtte opp om dette arbeidet!