Sanitærhuset i Larsnesvika

Kommunestyret brukte nærare ein skuletime på å fatte eit vedtak om å søkje spelemidlar til sanitærhuset i Larsnesvika , like ved Larsnes Brygge (sjå biletet). Ingen utgifter for kommunen. Problemet var at det var Larsnes IL som søkte! 

 Det var 3dje forsøk på at kommunen ville sende  inn søknad på spelemidlar om dette, og der var ingen andre som hadde søkt om noko. Sanitærhuset er nærast som ei kommunaloppgåve å rekne. Bruken vert knytt til badestranda – og alle kunne observere i sommar at badestranda også vart brukt av  born og vaksne frå andre bygder, noko som er kjempefint!

Kort fortalt vart ei anna sak hovuddiskusjonen då folk frå «posisjonen» av «prinsipielle grunne» ikkje kunne støtte dette då LIL ikkje har betalt inn restsummen til Larsneshallen! At pengane ikkje er komne på bok til kommunen er at LIL vil ha lik bruksavtale som dei andre laga har på kommunale anlegg!

Etter eit langt gruppemøte (Høgre/Bygdalista for øyane) vart tilrådinga frå formannskapet vedteke!

Kjempefint, kanskje kan vi få dusje oss eller gå på do neste sommar etter ein dukkert på badestranda?

«Svært viktig sak»! Budsjett 2019 tok  ikkje lengre tid!