Sandemessa 2019

Sandemesse nr 37 er no historie! 42 utstillarar, godt program begge dagar, utdelingar, god og billeg mat; ja, slik kan vi ramse opp! Veret var også på lag, og parkeringsplassen var stappandes fullbeggedagane!

Av lokale innslag  må nemnast Larsnes IL  – nominert til Sunnmøre Fotballkrets sin kvalitetsklubb   – og Larsnes Sogelag ; der folk bladde i bilete begge dagane  – og kom med mange gode kommentarar om «dei gode,gamle dagane» utan facebook og anna nymotens ting!

Det var ein del nye ting i år: Landsbypepparkakelandsby, E-sport med Tussa, ballongslepp og «standjulegater» !  På laurdagen fekk vi frå scenen høyre  Sildakongen, Sæmund Helde og til slutt ; rosina i pølsa; LIZZ med Ørjan Liavåg.

På søndag var Sildakongen igjen i aksjon, men det var Sindre Løvik med sine Johnny Cash-tolkningar som tok prisen!

Seinare vart Kulturprisen for Sande utdelt av ordførar Olav Myklebust. Årets prisvinnar vart Larsnes Helselag og det var leiaren Astri Bente Sandvik som tok imot både blomster, diplom og ein fin sjekk!  Kråen Gard fekk prisen for beste stand – og då var det berre ballongsleppet som stod igjen  og det var tre fornøgde born som fekk tak i dei rette ballongane der det var ein 500-kronerlapp inni! Då nærma klokka seg 1800 – og dei folket forlet messa!

Over 2000 var innom på desse to dagane; på messe nr 37!  «The best ever!»

Må berre utbringe ei stor takk til dugnadssgjengen; altifrå rigging, matlaging, parkeringsvakter, tombola og lodd,  juleverkstadgjengen…! Hadde det ikkje for for denne fantastiske innsatsen hadde det heller ikkje blitt noka messe!

I 2020 er det messe nr 38!