PÅSKEQUIZ

Påskequiz – Interaktivt og på nett

Det har seinare år vore ein tradisjon at Larsnes Idrottslag arrangerer quiz på Breidablik i påska. Dette har vore ein fin treffplass, der ein kombinerer hjernetrim med sosialt samkome.

I desse koronatider er det diverre ikkje råd å samlast slik vi har brukt å gjere. Vi ynskjer likevel å gjere eit forsøk på å arrangere quiz. Trond og Margunn er klar, og vi har snekra saman eit opplegg der vi sender quiz på nett. Sendinga går frå Breidablik, der alle involverte har trygg avstand til kvarandre.

Quizen vert sendt på Gamlebanken sin nyoppretta Youtube-kanal «Sande NettSyn». Her vil du få spørsmåla, og etter kvart fasit og resultatlister. Reint teknisk vil vi bruke Google skjema for innsending av svar, og vi sit klar og rettar så fort vi kan.

Vi har ikkje prøvd dette før, så vi vonar publikum ikkje vert rasande sinte om noko feilar. Vi legg opp til litt færre spørsmål enn normalt, og naturleg nok vert det utfordrande å arrangere superfinale. Det vert også utfordrande å kontrollere om nokon nyttar ulovlege hjelpemidlar, så her lyt vi basere oss på tillit til at alle spelar på ærleg vis.

For å krydre «rettepausene», har vi leitt fram ulikt videomaterial frå nærområdet. Så om du ikkje er interessert i quiz, kan det godt hende du vil finne sendinga spanande likevel.

Normalt sett ville quizen gitt LIL og Breidablik kjærkomne inntekter. For å bøte litt på dette vert det opna for eit friviljug støttebeløp via Vipps (#602292). Normal inngangsbillett er 100kr for kvar deltakar, ta gjerne utgangspunkt i dette; men det er som sagt heilt friviljug. Om du ikkje har høve å delta på quizen, er det sjølvsagt lov å støtte likevel.

Linkar og meir informasjon vil du etter kvart finne på denne lenka:

https://www.gb-scene.no/online-quiz