08.05.2019
Oppgradering av råsene til Storehornet og Grøthornet
Trimgruppa aksjonerer! Dei vil ha hjelp til å realisere planene sine med å legge stein i råsene. Dei oppmodar alle som tek turen til Grøthornet eller Storehornet om ta med seg ein stein eller fleire til dei våte partia i Råsene. På sikt vil alle kunne gå torrskodde til toppen.
Det ligg eit lass med stein på parkeringsplassen på Drageskaret. Sjå oppslag i trimgruppa si side på Facebook. Der vil det vere oppdatering på korleis dette skrid fram.