NYEREKTOREN

Første mai starta Oddhild Gjengedal arbeidet sitt som rektor på Larsnes skule. Ho tek over for Dag Atle Lee som var her vel 1 1/2 år. Oddhild  kjem frå ungdomsskulen i Gursken der ho dei siste åra har vore undervisningsinspektør. Vi satsar på at ho vert her ei god stund; -i alle fall lengre enn dei to foregåande!

larsnes.no tok ein prat med Oddhild, og vi ba henne svare på dette .

Familie: Gift med Inge og har døtrene Celine og Camilla.

Bustad: Vaks opp på Sandsøya, men har budd i Hallelia sidan 2001.

Verste eigenskap: Når noko er bestemt så skal det gjerast fort – kanskje litt for fort!

Beste eigenskap: Tolmodig og uthaldande.

Lidenskap: Litteratur

Leser: Mykje krim; særleg engelsk.  Men det har blitt islandsk i det siste .

Ser på: Er i grunnen angliofil, så det vert mest britiske seriar.

Høyrer på: Engelsk pop frå  80- 0g 90-talet. Ja,  har faktisk begynt å like klassisk musikk – særleg når eg arbeider.

Provosert av: Ubalanse i maktforhold. Det vere seg fysisk og psykisk.

Beundrar: Knut Arild Hareide.

Redd for: Ikkje noko spesielt

Draumereisemål: Cotswold, litt vest for Oxford. Der er utruleg fint!

Om 10 år: Forhåpentlegvis er eg her på skulen.

Mål med jobben: Stille seg sjølv spørsmålet  om kva som må til for at skulen skal bli ein god skule for alle. Og då må : 1) Elevane ha det godt og få god lærdom herifrå. 2) Dei små synes at det er ein OK plass å vere. 3) Dei må trivast.

Utfordringar: IKT, nye læringssarenaer og stram økonomi.

Kva er ein god skule for deg? Først trivsel som medfører læring!  Det er godt når ein merkar at elevane «kjem seg av garde»; at dei får ein indre motivasjon til å lære.

Oddhild gled seg til å starte på skikkeleg til hausten. Ho er glad for at ho fekk starte i nyejobben allereie 1. mai, slik at  ho kunne bli meir kjent med jobben og alt den medfører. Ho seier ho er blitt svært godt motteken på Larsnes skule og ser fram til vidare samarbeid med alle; både elevar, foreldre og tilsette.

I dag er det totalt 17 tilsette på skulen  og 89 elevar; og elevtalet aukar med to til hausten. For første gong over 90 – med andre ord; den desidert største barneskulen i Sande – og det begynner å bli litt trongt, og  i ein parantes kan nemnast at viss Larsnes skule var 1-10 skule hadde den vore suverent største skulen i Sande. Så det er nok å ta tak i!

Vi i landsbyen ønskjer Oddhild lukke til med arbeidet som landsbyrektor på landsbyskulen vår!

tronto@tussa.com