Ny reguleringsplan for Landsbyen

Teknisk Etat arbeider no med ny reguleringsplan for Larsnes. Onsdag 20. mars kl 1800 er det folkemøte på Landsbyhuset Breidablik. Dette er ein viktig plan for landsbyen vår – og alle bør kjenne si besøkelsestid og møte opp;  delta,  kome med spørsmål og seie si meining. Det er no vi kan vere med å påverke prosessen!

Kvifor møte opp, spør ein del folk. Jau, kva meier du om Skulekrysset, Hallekrysset, krysset ved Nyglå, sentrale byggefelt t.d. bak barnehagen! Kva med området ved ferjekaia, området bak rådhuset? Turstiar i Larsnesskogen? Ja, det er nok å ta tak  i.

Området som planen omfattar er frå Halleosen, Hallekrysset, Haugen,  Råkja, Larsnes- og Dalevika,  t.o.m. Ørbechhalsen  – minus Holmen med Larsnes mek.  Sjå kartet, eller ta deg ein tur på rådhuset og få tak i dette!  Eller du kan gå inn på heimesida til kommunen: www.sande-mr.kommune.no

Set av denne onsdagskvelden!

tronto@tussa.com