«Nissegraut»

Tradisjonen tru; nissegraut på Larsnes skule i siste førjulsbesøk! Og kven andre stiller opp; likar og serverer? Jau, enno ein gong viser Larsnes Helselag at dei både vil og kan gjere det hyggeleg for borna våre i landsbyen!

At Larsnes Helselag fekk Sande sin kulturpris, er vel ikkje vanskeleg å forstå! Takk for innsatsen i 2019 – og vi reknar med at 2020 vert eit nytt, flott år for laget!

Og vi er sikre på at elevar og personale på Landsbyskulen sette pris på dette!