Markering av FN sin internasjonale dag for funksjonahemma

Torsdag 3. desember markerte Norges Handikapforbund Sande denne dagen  mellom butikkane på Larsnes. Landsbyens bålpanne var tent og varma godt denne kvelden.

I 1992 beslutta FN å etablere 3. desember kvart år som internasjonal dag for funksjonshemma. Målet er å promotere funksjonshemma sin rett til å delta i alle delar av samfunnet, både politisk, sosialt, økonomisk og kulturelt.

I Sande markerte laget denne dagen med å ta eit oppgjer med diverse ord og haldningar, og det vart brent plakater der det var skreve ord som kan oppfattast som stigmatiserande. Dei orda som vart brende i bålpanna var: Spesielle behov, svake grupper, fagleg forsvarleg, ressurssvake, stakkar, krøpling, mongo, hemma, ekstra kostnad, lenka til rullestol og brukar!

Til slutt stod gruppa igjen med desse fyndorda: Det nyttar, respekt, verdifull, mangfald og likestilling!

Laget håper at folk bit seg merke i desse orda og brukar dei, og så gløymer vi dei orda som vart brende!