Mange besøkte hundreåringen

Det er ein sprek hundreåring som hadde ope hus sist søndag. Eit femtitals personar nytta ettermiddagen til “sogetreff i gamlebanken”.

Aslak Storegjerde hadde laga eit attersyn og tok oss med på hundreårsreisa. Bygninga er no “redda” og har tett tak og er nymåla. Alt gjort på dugnad.

Attersynet kjem som eigen artikkel i Segn og Soge, tidsskriftet til Sande Sogelag som kjem til Sandemessa 24. november.