Lynnedslag

I 3-tida natt til mandag vakna «halve» landsbyen av ein kjempesmell .Av kva? Lynnedslag og eit frykteleg torever!  Verst gjekk det nok utover huset til Astrid Bente og Peter Ove Sandvik som bur oppå Gjerde!

 Dei høyrde kjempesmellen, men stod ikkje opp før brannvarslaren vart aktivert av røyk. Brann blei det ikkje, men sikringskassa var øydelagt med hovudbrytaren heilt laus! TVen rauk samt elektroniske hjelpemidler! I garasjen hadde deksel  sprotte  av og der var også brende og øydelagde ledninger ! Murar ved inngangen og garasjen var øydelagde! Lynet slo ned i flaggstonga! Ikkje rart at dei var prega!    Det var fleire hus på Gjerde som fekk TV og elektronisk utstyr øydelagt! Heile tre transformatorer vart ramma – og Telenor sitt mobilnett vart sterkt svekka! Godt dette skjedde om natta! Hadde det vore folk ute oppå Gjerde, hadde det gått skikkeleg ille! « Og flaggstonga skal ikkje opp att!»  var siste kommentaren frå Peter Ove.

tronto@tussa.com