Larsneshallen

Larsneshallen opna i juni 2016. Ideen om ein utvida gymsal/allbrukshall var det Larsnes IL som lanserte, men så kom mange ting til; bl.a. sløydsal til skulen .  Utifrå utsegner frå politikarar og referat i lokalavisa kan det tolkast at Larsnes IL er den store, stygge ulven som ikkje har gjort opp for seg.  Det er ingen konflikt, men det er ikkje skreve under nokon ny avtale mellom LIL og kommunen. Sjølvsagt er dette  ikkje  er slik det burde vere,  men det er to partar som skal skrive under.  I den samanheng skreiv styret i Larsnes IL eit brev til Sande kommune, datert 12. november 2019.

Slik lyder brevet til Sande kommune med avsendar:  Styret i Larsnes IL;  datert 12. november 2019:

» «Hall-saka» har no fleire gongar vore omtalt i lokalavisa på ein einsidig måte, der berre eine parten har kome fram med synspunkta  – og det er skuffande at ikkje kommunen har peika på at det er meir enn eit krone-oppgjer som gjer at den ikkje er avslutta.

Dei fleste saker har minst to sider – så også med denne.

Då Larsnes IL kom med plaanen om bygging av idrettshall var utgangspunktet at LIL skulle disponere hallen utanom skuletid. Med kommunen som byggherre og vedtak om 3/4 hall vart dette teke vekk for at kommunen skulle få spelemidlar, og at alle skulle ha lik rett til å bruke hallen. LIL aksepterte dette.

Så gjorde kommunen nye  endringar der ein ville bygge sløydsal for å avlaste Larsnes skule. Det var då klart at Larsnes IL skulle få bruksrett til loftet som vart når denne delen vart bygt, eit flott klubblokale. Dette har det vore semje om så langt vi kjenner til.

Sist vart dette kommunisert gjennom ei avtale som skulle sikre Larsnes IL bruksrett til «loftet» – for om lag eit år sidan. Larsnes IL fekk tilbakemelding om at kommuneadvokaten hadde godkjent avtalen, men sidan har vi ikkje høyrt noko …??

Larsnes IL vil ordne opp i sluttoppgjeret når denne avtalen er på plass. Det er vel ikkje slik at nokon ville legge inn verdiar på fleire millionar gjennom pengar og dugnad utan at ein får på plass ein bruksrett til eit areal som ein har vore lovd?

Vå håper på eit godt samarbeid med kommunen slik at Larsnes IL kan halde fram å gje gode tilbod til innbyggarar i alle aldersgrupper – og på ulike prosjekt til beste for innbyggarane på Larsnes og i Sande kommune.

Ber derfor om ei snarleg tilbakemelding frå kommunen på status  på denne avtalen – og ei framdrift for å få avslutte denne saka.»

 

Så er det berre å håpe at sluttstrek vert sett med det første!