Larsneshallen

På ekstraordinært årsmøte i Larsnes IL 16.desember vart det samrøystes vedteke å skrive under den nye avtalen mellom Sande kommune og Larsnes IL. Dette er ein avtale om bruk av fleirbrukshallen, garderober og aktivitetsromet i andre etasje. Sak nr 2 var opptak av lån på 1,5 mill for å betale LIL sin siste andel.

Dette har vore ei sak som har vore vinkla veldig negativt for LIL ;   både av enkelte politikarar i kommunestyre og formannskap. Dessutan har  overskriftene i lokalavisa om denne saka har vore  skeivt vinkla!

Den “gamle” avtalen som kommunen har hatt liggjande i lengre tid, var komplisert og utydeleg. LIL er derfor glad for denne semja med kommunen, og no er denne saka ute av verda.

I 2006 vart det vedteke i LIL å prosjektere utviding av gymsalen. Arkitektfirmaet Sporstøl vart engasjert og planar kom på bordet.  I 2015 kopla kommunen  seg på og meinte at dette tilbygget kunne endrast for Larsnes skule trengde meir plass. Ideen var å flytte  sløydsalen inni “fleirbrukshall-bygget”!

Riise Bygg fekk oppdraget – og resultatet ser vi! Ein flott fleirbrukshall som er i bruk alle dagar i veka! Kommunen har fått eit godt oppgjer med 3/4 hall og sttor sløydsal med alle tilleggsrom som trengs der; med maskinrom, lakkrom og keramikk rom med omn!

På kommunestyremøte 30 april 2015 godkjente kommunen hallplanen; inkl. sløydsal. I same avis (02.05.15) stod der at hallen var kostnadsrekna til 16,5 mill. kroner og ordførar Vaagen uttalte: ” Vi er 2,5 mill. i manko og innstillinga går ut på at dette vert delt med 1,9 mill på kommunen og 650000 kr på Larsnes IL” .

Søndag 19. juni  2016 vart Larsneshallen offisielt opna, og mandag 16. desember vart altså vedtaket gjort vedrørande ein endeleg avtale.

Det var viktig for LIL å få på plass avtalen om bruk av loftet til klubb-lokale og elles gratis bruk av hallen etter skuletid!

Ja, sidan det første spede vedtak i LIL, så kan vi trygt seie at LIL har vore heilt sentral aktør for at Larsneshallen skulle bli realisert. Sjølvsagt skulle dette ha vore ein full hall, men slik den står er den til stor nytte for både idrett og andre arrangement!

LIL har skote inn om lag 4,5 mill i form av dugnad, RDA-midlar og eigenkapital.; ein ikkje ubestydeleg sum!

Det er godt for begge sider i denne saka at avtalen er i boks. LIL ser fram til arbeid med nye prosjekt, og det første er “Badehuset”  som står for tur!

Vi gler oss til å følgje med aktiviteten i Larsneshallen og elles den store aktiviteten som skjer oppi Vardane.

Då LIL fekk  avtalen om å bygge idrettsplass oppi Vardane med Inga Rønneberg før krigen, uttalte ho: “Noget må gjøres for ungdommen slik at den ikke går til grunde!”

Dette er hermed gjort!