Landsbyskulen – skulestart 2020

Flagget heist! Born i leik! Skulestart! «Ein bitte liten skule, på ein bitte liten stad! Ein stad der små og store, kan vere trist glad! Ein stad å finne venner; ein stad å bli klok; ein stad der barnehender skriv tankar i ei bok!»    Slik startar skulesongen «Minnene du gav»! 84 elevar  starta mandag på nytt skuleår ; derav  8 førsteklassingar  som fekk sin første skuledag!

Mandag 17. august vart  nok annleis enn skulestartane  frå 1994 – då skulen var heilt ny! Grunnen var sjølvsagt covid 19 – noko personalet har teke på det største alvor! Elevane er delt opp i ulike kohortar som også gjer at det vert delte  friminutt;  2 og 2 klasser er definert som ein kohort.  Godt for alle  at skulen og elevane fekk starte opp!

Rektor Oddhild Gjengedal seier at heile personalet  er klar til nytt skuleår ; og fokus er sjølvsagt på cocid 19. Mange hensyn må takast, men ho er optimist. Framover vert det mykje jobbing med det digitale, heile tida med fagfornying og så har endeleg pedIT blitt fornya! Oddhild  og personalet gler seg til skuleåret!

Landsbyskulen er ein ganske stor arbeidsplass med heile 19 tilsette! rektor + 12 lærarar, 4 fagarbeidarar og ein lærling + 2 reinhaldarar!

84  elevar; likevel ein bitte liten skule, men ikkje i Sandesamanheng!  Viss  Larsnes skule var 1-10 skule , så….!

«Hugs godt første skuledagen min», sa ein jenteflokk i 7.klasse som kom imot meg!»  «Gjett om det var spennande! Og tenk; eg var sååå nervøs!»  «Men no er vi dei eldste!»  «Det er kjekt!» Kommentarane hagla før dei spratt og dansa  glade vidare! «Ein stad for leik og vennskap; ein stad å høyre til!» sa dei og hoppa glade vidare!

larsnes. no ynskjer alle; elevar, foreldre og personale eit flott og innhaldssrikt skuleår!