Landsbyquizen

Stor stemning på Landsbyhuset med nesten 100 deltakarar på årets Sommarlandsbyquiz!»!

Det var «Grevinnes tid» som gjekk av med lagsigeren! «Ringnes» og «Solrøven» kom på plassane bak!  Vi avsluttar alltid med ei finalerunde der ein deltakar frå dei tre beste laga må til » pers» !  Helge frå «Solrøven» tok førsteplassen  tett følgt av Asle  frå «Ringnes» og Annbjørg frå «Grevinnens tid.

Dette var landsbyquiz nr 30 og om lag 3600 spørsmål har vore laga av quizmasterane Margunn og Trond!

Må nemnast at litt tidlegare på dag var det aktivitetar i Larsneshallen for dei minste med god deltaking. Seinare var det både Juniorklubb og Ungdomsklubb på Gamlebanken! Og oppi det heile ; – på Larsnes Stadion vann LGFK 3-2  over Hødd 2 etter å ha lege under 0-2!

Og laurdags morgon var det full aktivitet i Landsbyen. Grillgjengen starta allereie i 4-tida, men i 10-tida var fleire i aksjon; – minst 20 stk! Godt jobba! fantastisk bra!

tronto@tussa.com