«Kulturfergå»

«Kulturfergå» var tittelen på årets sommarkonsert med Kulturskulen , – ei visuell reise i dur og moll! Dagen for reisa var torsdag 13. juni og staden var landsbyhuset – og salen var nesten full! Mannskapet på ferja leidde oss gjennom reisa saman med kulturskulerektor Susan Worren Hauge.

På den 100 minutt lange ferjeturen vart vi servert  ein svært variert meny!  Frå «Hyttetur» til «Tears from heaven» ; frå  «Buffalo soldier» til «Ballade for Adelaide» og sjangrar frå rap til solosong; frå messinggruppe til gitaristar, duettar, ja, slik kan det ramsast opp! Nytt av året var  kunstutstillinga  der dei 11 elevane i denne gruppa  stilte ut ein del av arbeidet sitt!

Sande Kulturskule femnar om alle bygdene i kommune, og mange landsbyborn var med på reisa med «Kulturfergå». Flinke elevar fekk stå fram, og bakom desse skimtar eg fleire veldig dyktige lærarar!

Eg kosa meg i alle 100 minutta!

tronto@tussa.com