Kranselag på Badehuset

Byggherre Larsnes IL hadde onsdag 3. juni kranselag på badehuset!  Det er byggmeister Rune Slettestøl som står for oppføringa av badehuset som ligg like ved Landsbystranda og Larsnes Brygge.Byggherre erLarsnes IL.

Det har blitt nokre runder med oppføringa av dette badehuset. Det vart først teikna og prosjektert allereie  i 2015.  Larsnes IL søkte først men det fekk avslag. Landsbyen Larsnes kunne ikkje stå som byggherre då nokre registreringar mangla. Larsnes Helselag fekk ikkje heller ikkje stå som byggherre, men i fjor søkte Larsnes IL på nytt og denne gongen  gjekk det. Nesten utruleg!

Huset har ein storleik på om lag 20 m2, og innheld eit stort handicaptoalett og ein romsleg dusj!

Men kva er i gr

unnen kranselag? Jau, det er ein gammal byggetradisjon som gjekk ut på når taket var tett , så skulle dette markerast ved tett tak. Det var byggherren som skulle syte for enten eit godt måltid eller ei gåve til dei som sette opp huset! Det er ein svært gammal tradisjon som kan sporast tilbake til 1400-talet.

Offisiell opning av badehuset vert – viss alt  går slik som planlagt, laurdag 27. juni!

Men i dag var det rjomegraut , kaffi og kaker! Vi gler oss til til huset er heilt ferdig!