KRÅEN GARD

Snart helg; og Kråen Gard har igjen open gardsbutikk førstkomande fredag og søndag – 7. og 9. august! Her kan du «helse» på geitene, sitje i hagen – eller i  kjellaren –  med ein kaffikopp og godsaker attåt, ja, smake på svelene, handle lokalmat, eller kike – og handle – i utvalget deira av gamalt glas og porselen

Seinhaustes 2017 vart garden skjøtt over frå Roger Gjerde til dagens eigarar; Veronika og Terje Grønmyr. Garden var då lagt ut for sal, men hadde ikkje vore dreve på mange år. Det vart ein del å gjere med vedlikehald både inn- og utvendig, men etterkvart tok det form. Målet deira er å ta vare på bygningar, gardstun og dyrkamark. Paret har så vidt starta med husdyrhald då nokre boergeiter går der. Kjellaren med selskapslokalet og «butikken»,  har berre vorte fin! Der er plass til 15-20 personar – ja, små selskap.
På garden har det tidlegare vore dyrka både frukt og bær, og Kråen Gard vil utvikle dette vidare.
På Sandemessa 2019 vann dei prisen for beste stand – og akkurat då, vart folk merksame på denne nyskapningen i Hallebygda.

Bjarne Rabben skriv i «Soga om Sande og Rovde» at Halle  var ein gard heilt fram til 1600-talet; det som no er Nupen, Kråa, Halle Ytre og Halle Indre.  Det var godseigarar og herregardsfolk som eigde denne garden. Ja, Rosenkrantz-slekta – som opprinneleg kom frå Jylland, Schønnebøl og Giskegodset og bispesetet i Bjørgvin –  og endå til Kongen –  var deleigarar  av denne garden. Det var for det aller fleste tilfella skuld som gjorde at rikfolk og kyrkja vart «deleigarar». Gardane vart  delte  på slutten av 1500-talet , men framleis var eigarforholda knytt til herregardar, men likevel –  frå då av er det  lettare å finne ut den historiske sida av Kråa, med sjølveigande bønder.

Halle-namnet kjem av jamn halling mot sjøen.  Kråa eller Krogen eller Kroken var hellinga litt meir mot sør; derav namnet; – og i dalegtalen vart Kråa eller Kråna, men i matrikkelen er namnet Kråen.

Namnet Krogen er første gong nemt i 1748, og brukarane hadde dette etternamnet  nesten konstant til og meg Mathias Krogen som saman med Berta bygde på både stova og løa frå 1926 og utover!

Så overtok Roger Gjerde Kråa og i 2010 kjøpte Veronika og Terje Grønmyr garden. Resultatet av deira planar ser vi no starten på; gardsbutikk og gardskafe   og  «open gard»!

Ja, du skjønar; Kråen har vore eigd av  herregardsfolk! No kjem ein ny æra: Gardsbutikk og «open gard»!  Ta turen til Kråen Gard enten fredag eller søndag! Kaffien var god, kakene nydelege  – og hylleblomstsafta; du må berre smake den!

Vi set pris på slike framtidsplanar og  initiativ;  Veronika og Terje Grønmyr! Vi ynskjer lukke til vidare!