Historisk bygdevandring

Sogelaget la i år den historiske bygdevandringa  til dei tre fremste gardane i Dalen. 40 oppmøtte trossa meldingar  om nedbør og regn. Oskar Rekdal, Kjell Rovde, Ingebjørg Ulstein og Hans Amund Eidheim bisto med historie knytt til gardane.

Det var fortalt om firastrengar og torvhenting, dyrehald, amerikansk påverknad av heimflytta emigrantar, godt naboskap og ulike hendingar, Kjell Rovde fortalte blant anna om ein av brannane i Dalen der barndomsheimen brann ned til grunnen i 1968. Aslak Storegjerde supplerte med at  denne og fleire andre brannar førte til at Sande kommune seinare på året gjekk til innkjøp av  brannbil.

 

mar.rekdal@gmail.com