«Gule lappar»

Under idemøtet på Landsbyhuset søndag 24. juni kom det fram masse idear om kva landsbyen kan engasjere seg i framover. Det vart tala om engasjement og bulyst, og eit felles talerør innimot kommunen. På gruppearbeidet var det stort engasjement og nesten 600 idear kom inn. Fleire hundre innspel kom på gule lappar  og dei er no gått gjennom, og landsbyrådet  – og det påfølgjande stormøtet – skal seinare i haust leggje ein plan framover der dette vil bli brukt!

Dei som var med var mest oppteken av å få full hall, skikkeleg oppgradering av Landsbyhuset, ferdigstilling av badestranda og badehus og byggje ein paviljong i Landsbyparken!

Heldigvis kom det fram ein del forslag på det mellommenneskelege planet; bl.a. betre samarbeid mellom lag og organisasjonar, besøkstenester, etablering av møteplassar og kanskje ikkje minst; halde ved like det vi har!

Jau, Landsbyrådet fekk nok innspel – og kjenner vi dei rett; vil dei ta kontakt med alle lag og organisasjonar for å få til ein god start – og for å få til betre bulyst!

tronto@tussa.com