Gamlebanken på Larsnes 100 år!

Bygget kjent som Gamlebanken fyller i år 100 år. Bygget vart reist i 1916 for Sande og Rovde Sparebank av byggmeister Sivert Storegjerde. Året etter brann bygget ned, men vart gjenreist etter same teikningane og stod ferdig i mai 1918.

I tillegg til bankverksemd, har bygget husa mange ulike aktivitetar. Det var første samlingshuset på Larsnes og vart brukt til konfirmantundervisning, skule, julefestar, møtelokale for misjonsforeining og mykje anna. I øverste etasje var det ei leiligheit og fleire familiar har budd der.

Då Sande og Rovde Sparebank fekk seg nye lokale i 1974, overtok Sande kommune bygget og brukte det mellom anna til kontor. No er det Gamlebankens Vener som brukar huset, mellom anna til Ungdomsklubb. Larsnes Sogelag har lagslokala sine i kjellaren.

Gamlebankens Vener og Larsnes Sogelag inviterer til ope hus på Gamlebanken søndag 23. september frå kl. 16:00. Det blir foredrag om historie og historier om Gamlebanken. Dei som har minne frå aktivitar på Gamlebanken er spesielt velkomne og vi håpar dei vil dele minna sine med oss. Larsnes Sogelag vil vise fram bilde frå samlingane sine i lagslokala.

Det blir servering av kaffi og kaker/vaflar.

Alle er velkomne!