FOLKEMØTET OM NY REGULERINGSPLAN

Sist onsdag var folkemøte om ny reguleringsplan for Larsnes. Rundt 9 stor, runde bord var engasjerte landsbyfolk sessa, og diskusjonen rundt borda gjekk frå første stund. Møtet vart leia av Norkonsult sine folk. Spennande er det – og fristen for innspel er sett til 29. mars! Viss ein skal ha meiningar om denne planen, gjeld det å kjenne si besøkelsestid.

Teknisk sjef Kjell Martin Vikene ønskte velkomen og orienterte litt om vidare gang. Først ute var Elevrådet ved Larsnes skule. Det var kjekt å sjå og høyre elevane som hadde jobba med «Larsnes 2030-plan». Vi må ta på alvor slik desse ser for seg framtida. Dei overleverte  sitt arbeid til Norkonsult. Margunn og Trond gjekk gjennom kva som kom fram  under «idemøta» som Landsbyrådet har hatt. Norkonsult  ved Siv Sundgot orienterte om arbeidet framover – og ho streka veldig under at det  er NO folk må kome med innspel. Området som skal regulerast er frå Ørbechhalsen til Hallevatnet minus Holmen som er eige område. Avgrensinga austover er kyrkja.

Gruppearbeida som Norkonsult sette i gong viste engasjement.  Og innspel kom det. I stikkordsform må nemnast: * trafikale forhold  – kryssa inn mot Fv61 (Nyglå-, skule- og Hallekrysset); * gangveg Nyglå mot kyrkja; utvikle området Larsnes Brygge/Nyglå med t.d. paviljong, leikeapparat; * flytte ferja; * sentrumsnære tomter, t.d. bygge «tun»;* området rundt Sandetun;  * turvegar i Larsnesskogen (Halleosen/skulen/stadion); * utvikle området rundt skulen ; bygge full hall og full KGB; * flytte barnehagen; * lage heilt ferdig badestranda; * gangveg i fjøra frå Larsnes Brygge til Daleelva.  Ja, dette var berre deler av det som vart diskutert. Raude og gule lappar  frå grupperarbeida vart pålimde og skulle brukast vidare i arbeidet til Norkonsult.

Men kanskje det aller viktigaste – som ikkje er lett å planlegge; etablere fleire arbeidsplassar og få auke folketalet!

Det må nemnast at dei fleste av forslaga ikkje var luftslott, men i høgste grad gjennomførbare!  Av dei forslaga som var oppe på første idemøte i Landsbyen, er faktisk ein del gjort, men mesteparten av dette har vore dugnadsarbeid!

Natur har vi nok av; fritidsaktivitetar er godt ivaretatt, dugnadsånda stor, men korleis skal vi få dette ut slik at folk kan busette seg her?  15 minutt til Myrvåg, 22-23 minutt til Ulsteinvik og 45 minutt til sjukehuset i Volda. Det går an å bu her og jobbe t.d. i Volda!

Høyringsfristen er altså sett til 29. mars. Kjenn di besøkelsestid og kom med innspel! Alle ønsker at landsbyen skal utvikle seg i positiv retning! Då er alle avhengig av deg og ditt bidrag !

Landsbyrådet skal kome med sine innspel!

Konklusjonen på folkemøtet: Engasjement!

tronto@tussa.com