EIN DAG I JULI I LANDSBYEN

Veret var kanskje ikkje det aller beste denne tysdagen, men ein tur på Landsbystranda  fekk vi sjå full aktivitet.  Alle  benkar var opptekne, grill-lukta breidde seg, kanoane var i bruk,  bading i alle variantar –  hopping frå hurtigbåtbrygga  og flåta, til dykking og leiting etter  krabbar, mange båtar på gjestebrygga, badehuset i bruk, born i miniballbingen,    ja; full aktivitet!

Utruleg kjekt å vere vitne til alt dette! Samtidig er det viktig å minne om at orden må haldast. Takk til dei som tømer bosset, ser til badehuset og elles held orden frå osen i Larsneselva til ferjeleiet! Dette er  ulønna og frivillig arbeid heilt utan noko kommunal medverknad!

Det skjer  – og det har skjedd – fleire gode ting i Landsbyen vår. Mandag var det dugnad på Grønnevika Småbåthamn og ein større dugnad er i gong  på Larsnes kyrkje. På Larsnes Stadion gjer banemannskapet stadion  klart for fotballskule – og dette er heller ingen «latmannsjobb»  med pigging og slåing!

Sikkert fleire ting i denne ferietida med corona; men eg synes det er svært med slik aktivitet i slutten av juli,  også på dugnadssida! Nei, eg har ikkje gløymt merkinga på fjellet! Takk til Trimgruppa!

«Ikkje all verda, men DU verda!»  Glad for at eg bur i Landsbyen!