Ein æra er over….

«Ei tid for alt! Takk for at du har passa på alt fotballutstyr ein mannsalder!»

Dei aller fleste har sett dette huset; sist stod det ved innbyttarboksene på kunstgrasbana på Idrettsplassen!  Men dette er eit hus som har blitt flytta på! Før siste plass stod det ved gangvegen til Stadion  – og før det igjen, på brinken nedom bana!

Men alt dette er i nyare tid.

Dette var stabburet som stod ved Tinghaug – kommunehuset som stod der Sandetun ligg i dag. Tinghaug vart bygt som kommunehus for Sande i og ferdig i 1905. Ikkje før var dette flotte bygget ferdig før Sande herad vart delt i Rovde og Sande. Larsnes vart knytt til Rovde, medan Hallebygda framleis var sandssokningar!

Den første tida var Tinghaug «rådhus» både for Rovde og Sande, pluss at banken hadde sine lokaler der.   Distriktslækjar vart tilsett i Sande  1899 og rundt 1915 vart kontoret flytt til Tinghaug. Då vart også både vaskarhus og stabbur bygt! Tinghaug var dokterkontor for Sande og Rovde heilt fram til 1962  då nyedokterbustaden Helsebota vart bygt; eit flott hus som vart rive rundt 1990 då omreguleringa av RV61 vart gjort . Huset stod like ved  noverande «banksvingen»!

På syttitalet vart det bestemt å bygge Sandetun. Først psykriatisk (1974) og deretter somastisk avdeling i 1981. Då måtte husa på Tinghaug  vekk! Då var det heller ingen som nytta huset!  Larsnes IL fekk – etter mykje om og men, stabburet. Tanken var å flytte dette opp til Larsnes Stadion som reiskapshus og kiosk! Det vart rive og flytta i 1978.

Men no er det historie! Reiskapshus og kiosk er i nyehuset på brinken.

Takk for alt, gamle stabbur! Ei tid for alt; starta som stabbur, så kiosk og reiskaps- og ballhus i ein mannsalder;  heile 42 år, men huset vart altså 106 år!