DUGNADSBYGDA

Viss vi ikkje visste betre, så skulle ein tru at dugnadane i landsbyen var som ein stafett å rekne!  Begge småbåthamnene har fått sitt, 2 dagar på rad med dugnad på skulen,  i Larsnes IL; og no sist: Rundt kyrkja og den siste i dag onsdag 14. mai; «Ruskendag» i sentrum i regi av Landsbyrådet der vegagrøftene frå Skulekrysset, om Sandetun til gamleskulen og ferjekaia vart renska for plast og anna rusk!

Kor mange som har vore i aksjon er uklart, men at det dreier seg om stor prosent av innbyggarane her i Landsbyen, er soleklart! På vegne av alle «arrangørane» vil larsnes.no takke alle som har stilt opp! Utruleg mange sekkar har blitt fylte,greiner saga, beising  og måling,  bedd rydda og planter har komt  i jorda.

No er vi klare for 17. mai. Neste dugnad vi veit om,  er det årlege arbeidet på badestranda, men det vert i starten på juni!

tronto@tussa.com